mandag 31. august 2009

Endeleg tilbake på nett! Og eg har fått nye vener:

Dette er ei mykje større skilpadde enn det ser ut til. Kanskje halvannan meter lang?

Ho her hadde så fine briller.

Desse var av varianten lita skilpadde. Den siste er ein rævedilter.


Hola! Min favoritt.

Også min favoritt. I love tapir!

Han her var ikkje på utstilling - han er ein ekte lokalbebuar.

Likeins med denne. Ho er ikkje så tøff i trynet som ho latar som.

Livstrøtte, skabbete papegøyar, men fine likevel.

Det blei ikkje tid til delfinar. I staden symde eg i ein underjordisk kanal og helste på ei sjøku. Eg har også bilete av ein puma og ein svart jaguar, men dei gøymde seg så godt at det er vanskeleg å få auge på dei i bileta.

I går var eg i turistmaskina Cancun saman med sjefen. Han er reiselivsmann og svært opptatt av å visa meg store hotell, men eg synest berre dei er stygge. Eg såg også, for første gong, ein Hooters-restaurant med lettkledde, storbrysta dame-servitørar. Tøys og fjas.

No er det arbeidsveke att og eg riv og slit i Platon for å få han til å gjera noko av seg.

onsdag 26. august 2009


Ikkje så mykje nytt å melda i dag, anna enn at eg har fått arbeidskleda mine.
Eg har også GW-gymbag, og til og med eigne GW-malar for PP-presentasjonane mine. Andre føringar her enn på UiB...

På laurdag skal eg hit. Det ser litt ut som Disneyland, men damene på jobb forsikrar meg om at eg vil lika det. Eg får visst symja med delfinar - dersom eg betaler ekstra.

tirsdag 25. august 2009

Ei toleleg bra dobbelforelesing seinare og me har gjort unna dei førsokratiske filosofane. Lunsjtid og eg har gått heim! Kjekt med halv dag.

Mexico er elles ein god stad å vera. Det er, som Lene seier, i heitaste laget, men eg har aircondition heime og på jobb og dermed ingenting å klaga over. Folka er også kjekke - eg har framleis ikkje møtt ein sur mexicanar. Alle vil læra meg spansk og ha meg med på kafé og dansa salsa og gudane veit kva. Eg kjenner meg til tider traust og erke-norsk. Men eg har funne ut at eg har eitt kjenneteikn sams med dei lokale; eg følgjer mexican time :) Endeleg eit land der alle er like treige som meg.

I dag høyrte eg at B.&A. kjem på besøk! Dei reiser saman med Tom i midten av november, stemmer ikkje det? Eg gleder meg til å dela Playa med vener. Og så gleder eg meg til å sjå mannen, så klart. Litt sakning blir det jo innimellom slaga.

Går det bra med alle de heime? Ev. i Sentral-Asia?

mandag 24. august 2009


Nokre bilete frå stranda i Tulum:

Her er det fint! Turistane har framleis ikkje tatt over stranda. Men det er planlagt å byggja flyplass like ved så det varer nok ikkje lenge før Tulum er ei like stor turistmaskin som Playa.

Relevant lesestoff:

søndag 23. august 2009

No er det sundag formiddag eg eg har min første fridag. Sidan eg framleis ikkje har somla meg til å kjøpa traktekaffi har eg installert meg på kafé i første etasje på huset der eg bur. Her har dei dessutan internett. Og eg får småkaker av kelneren. Etterpå skal eg reisa til Tulum og gå på stranda med sjefen.


Eg og resten av Gatewayfolka henta studentane på flyplassen fredag ettermiddag. Det er berre 54 studentar i år, halvparten så mange som vanleg. Reknar med at mange foreldre har vore redde for svineinfluensa og narkotikamafia. Men lågt studenttal passar meg i grunnen bra sidan eg er fersk og nervøs. Det er 15 små filosofar i mi gruppe. Undervisinga startar på tysdag – kryss fingrar!

torsdag 20. august 2009

Eg kan med skam melda at eg har hushjelp. Ho lagar papirroser og handklesvaner til overklassesvinet M. Berre sjå:




onsdag 19. august 2009


På plass! Eg kom til Playa del Carmen 27 timar etter at eg reiste frå Lyder Sagens. Mykje av tida etter dette har gått med til soving. Men eg har sett meg litt rundt, og vore innom den største supermarknaden eg har sett. I dag er første dag på jobb, der det finst internett. Med tid og stunder håper eg på å få fiksa nett i huset mitt òg.

Dei første to bileta er frå terassen min. Ser du det karibiske havet, aust der ute? (Jadå, eg er gift med ein haugesundar.)

Elles har eg vore innom Havana. Her vil eg reisa igjen, mellom anna for å ta betre bilete enn dette siste.

lørdag 15. august 2009

No har Katten flytta inn på pensjonat for hausten. Ho har eige rom, men må dela TV-stove med dei andre bebuarane.

onsdag 12. august 2009

Dersom det skjer noko kjekt i haust skal eg fortelja om det her.