lørdag 31. oktober 2009

Då har me kome til dødens dag, som i god mexicansk stil blir feira i fire dagar. I går var eg i Xcaret med kollegaar og såg teater og høyrte opplesingar som eg ikkje skjønte. Dette var slett ikkje lagt opp for turistar, noko ein set pris på etter eit par månadar i Playa. Folk hadde måla fjesa sine som hovudskallar og ungane gjekk på verkstadar med namn som "dekorer di eiga grav". Eg såg fleire ungar med snasne pysj-liknande skjelettkostyme, men trass i ivrig leiting fann eg diverre ikkje ein å ta med heim til D. Bilete følgjer så snart eg gidd å lasta dei over. Elles inneber alltid feiringar her nede mat i overflod - me åt tamales og churros og kokosis og noko som liknar risgraut, berre i puddingform.

I dag skal det feirast halloween (som visstnok ikkje har noko med dødens dag eller Mexico å gjera). Det spring difor ein og annan smådjevel forbi kontorvindauget mitt. Eg rettar eksamenar og står over kalaset.

Her er forresten noko eg såg på TV ein kveld:

Klassisk barneunderhaldning her i strøket er tydelegvis blackface. Steike banana.

søndag 25. oktober 2009

Merida er hovudstaden i Yucatán og finare enn turistbyen Playa. Her skal eg og T. og B.&A. reisa om 4 veker! Eg gløymte heilt å ta bilete av byen, anna enn eit par av ein restaurant eg besøkte:


Eg sat på balkongen og åt chile rellenos. Om kvelden stenger dei hovudgata under balkongen og folk kjem for å sitja på utekafear eller dansa til levande musikk.
Utsikta ovanfrå:  

Dagen etter møtte eg ein katt som minna meg om kreket heime. Ein vesentleg forskjell var at denne hadde storleik som ein liten colaboks. Eg gav ho sjokoladeis og ønskte at eg kunne ta ho med i veska mi.


Andre dyr eg møtte på turen inkluderte ein tarantell 
og ein slange som hadde bite seg sjølv i halsen .
Desse møtte eg på ein hacienda utafor Merida.
Tre av ørten bilete eg tok i Chichen Itza, som er ruinene etter ein Maya-by:

 Kukulkan-tempelet. Kvart jamndøgn lagar sola og tempelet ein illusjon av slangar som buktar seg nedetter pyramiden og stoppar i slangehovuda ved enden av trappa.



 "Dei tusen søylene", som skal ha vore dekorerte med farga materiale og bilete av krigarar.


Ballspel-banen. Mayaane spelte eit ballspel som liknar litt på fotball, bortsett frå at dei brukte hoftene og olbogane til å "sparka" med. Målet var å få ballen gjennom steinringen. Dersom du vann fekk du visst kappa av hovudet (og direkte tilgang til elite-paradis).

Eg og studentane mine framfor tempelet.


Då er det Mexico igjen. Eg har vore her i ei veke - 2 dagar har gått med til undervising, 4 dagar til reise i Yucatán og i dag skriv eg om Kant på kontoret. Litt heimsjuk, men koffertimportert brunost og knekkebrød gjer underverk. For dei som lengtar etter oppdatering på handklefronten presenterer eg ein kjapp kavalkade:


mandag 12. oktober 2009

Heime i Bergen ein tur. Ikkje mykje slår å koma heim og få grovbrød med gulost av mann med skjegg. Og så er det kaldt!

torsdag 1. oktober 2009

Etter ønske frå ho mor:


Status for filosofane: I phil. har eg no kome gjennom Descartes, som var ein rimeleg stor hit, og i fac. var siste punkt reduksjonisme. Frå i morgon er det studieveke (jobben sitt kamuflerande namn på haustferie), men etter denne susar me vidare med empiristar og feministar og etiske teoriar. Det er mykje å ta tak i. 


Badeliv i Mexico: Det blir lite bading på meg, men kanskje meir  i studieveka? Den blir kor som er ein kjærkomen pause. Eg må jobba (25 førelesingar att å førebu), men har også planar om å sova lenge om morgonen og bruka tid på å utforska byen. Dessutan er det nokre øyer og strender eg har lyst å besøka medan eg har sjansen. Åleine heime er eg òg, så eg kan gjera nett kva eg vil.


Meir om mat: Det går mykje i havregryn... Men dei få gongene eg er på restaurant prøver eg sjølvsagt mexicansk mat. Om eit par veker skal eg på tur til Merida - då kan eg rapportera om kva dei et i Yucatán. Så langt er favoritten min fylt chili, og eg blir lukkeleg kvar gong nokon gjer meg guacamole eller mole. Eg har også byrja å ha sterk salsa på alt (utanom på havregryn, det gjenstår å prøva). Elles er det vanleg å eta ulike variantar av tortillas med fyll. Om det berre er tortilla med ost (quesadillas) synst eg ikkje det er heilt det store. Eg er heller ikkje frelst av tamales, men det er kjekt å pakka dei ut av bananblada. Og flan er bra. Ikkje i nærleiken av B. sin heimelaga karamellpudding, så klart, men ganske godt likevel. 
Kvar skal dette enda?