No er det sundag formiddag eg eg har min første fridag. Sidan eg framleis ikkje har somla meg til å kjøpa traktekaffi har eg installert meg på kafé i første etasje på huset der eg bur. Her har dei dessutan internett. Og eg får småkaker av kelneren. Etterpå skal eg reisa til Tulum og gå på stranda med sjefen.
Eg og resten av Gatewayfolka henta studentane på flyplassen fredag ettermiddag. Det er berre 54 studentar i år, halvparten så mange som vanleg. Reknar med at mange foreldre har vore redde for svineinfluensa og narkotikamafia. Men lågt studenttal passar meg i grunnen bra sidan eg er fersk og nervøs. Det er 15 små filosofar i mi gruppe. Undervisinga startar på tysdag – kryss fingrar!
Hei! Håper du har det bra. Det ser kjempefint ut, og vi har veldig lyst å komme på besøk. Lykke til med undervisningsstart på tirsdag!
SvarSlettTvi, tvi! seier Brita
SvarSlettEg er litt i stuss om korleis det var med tid og sånt, men om eg ikkje håttar feil ligg me her i landet om lag ein arbeidsdag føre deg i tid og at du difor ikkje har fått prøvd deg på å forma ungdomen til framtidige filosofar -enno. Kryssar sjølvsagt tær og fingrar, men tvilar på at det er naudsynt for at du meistrar det der superdupert.
SvarSlettFrå Noreg kan eg melda lite anna enn at kvardagen har begynt og at det utløyste eit behov som gjorde at eg har prøvd meg på yoga. Satsar på at det har god og breispektra helseeffekt. So langt er eg stiv i ryggen, men klar for meir austleg påverknad. Håpar du nyt sol og strender og brettekunstar og velstand!