lørdag 7. november 2009

Denne helga er prega av tropisk storm. Nett no skal stormsenteret vera litt aust for Cozumel, som er like utafor Playa.

Ho gjer i grunnen ikkje så mykje av seg, ho Ida, men det regnar kattar og hundar. Og i dag tidleg tok eg på meg genser for første gong i Mexico. Ikkje at det var naudsynt - temperaturen ligg framleis på godt over 20 grader. På nyhenda seier dei at Ida kanskje kjem til å auka i styrke i løpet av dagen, til ho blir ein orkan. Me fer sjao.

2 kommentarer:

  1. Saag paa TV i dag tidleg at Ida veks seg stor, at mange i El Salvador har doydd i flaum og at IDA naermar seg turistomraada i Cancun.. Hald deg godt fast!

    SvarSlett
  2. Ingen fare - no er Ida i USA. Eg har hatt orkansikringar på vindaugene mine denne helga, men dei vart ikkje testa. Lite vind, men til gjengjeld mykje regn. Då eg kom på jobb i dag tidleg var det vått på golvet under alle vindaugskarmar. Men sola kikkar fram, så eg kryssar fingrar for at sommarveret er på plass att til i morgon.

    SvarSlett