Fleire bilete frå Grenada! Her startar Tom sitt store rum punch-prosjekt. Han prøver rum punch på kvar nye stad me kjem til. Og han har lært seg ei oppskrift som han puggar: One sour, two sweet, three strong, four weak.
Frukost på krydderøya:
Vår gode ven Scruff, som her et restane av Tom sin frukost:

Frå St. George's, der me blei bondefanga av Paul. Me betalte han tre dagars løn for omvising i byen. Men omvisinga var fin så det gjorde ingenting.
Me tok oss sjølvsagt tid til å pumpa litt jern. Her er me på fortet i byen, der Maurice Bishop blei henretta i 1983.
Jenter på veg til den katolske skulen sin:

Tom kjøper dancehall:

Paul (til høgre), Tom og musikksjappemannen tøffar seg:
Ein ferjetur seinare - Carriacou. Hotellet vårt hadde nesten like god standard som dette huset:

Hillsborough er ein fin liten by. På laurdagskvelden gjekk me på bingo!

Mauby smakar hostesaft og er laga av bark:

Nok ein rum punch:

Uncle Polo køyrte oss til Paradise Beach og me hadde ein fantastisk ettermiddag på Paradise Beach:
Sidan eg er så treig på å oppdatera bloggen har me allereie besøkt to nye land etter Grenada (St. Vincent og Grenadinene og Antigua og Barbuda) og oppheld oss i eit tredje (Jamaica). Meir info seinare. Men alt står bra til! Kingston er ikkje nett for pyser, men me passar på oss sjølve. I morgon tidleg reiser me til Havana, og eg gleder meg!













Eg har førebels ikkje fått vist det bileterike innlegget til D, men er sikker på at han har ein kommentar på lur så snart han har tatt ein kikk.
SvarSlettSuperfine bilete! Dei osar av feel-good kjensle! Meir seinare, kanskje, eg er troytt etter aa haa vore langt uti grenseland for aa opna ein gassledning. Eg og fire presidentar, og nokre til. Men det viktigaste: no er det berre tre dagar att foer eg reiser heim.
SvarSlett