Tre av ørten bilete eg tok i Chichen Itza, som er ruinene etter ein Maya-by:
"Dei tusen søylene", som skal ha vore dekorerte med farga materiale og bilete av krigarar.
Ballspel-banen. Mayaane spelte eit ballspel som liknar litt på fotball, bortsett frå at dei brukte hoftene og olbogane til å "sparka" med. Målet var å få ballen gjennom steinringen. Dersom du vann fekk du visst kappa av hovudet (og direkte tilgang til elite-paradis).
Eg og studentane mine framfor tempelet.