Etter ønske frå ho mor:
Status for filosofane: I phil. har eg no kome gjennom Descartes, som var ein rimeleg stor hit, og i fac. var siste punkt reduksjonisme. Frå i morgon er det studieveke (jobben sitt kamuflerande namn på haustferie), men etter denne susar me vidare med empiristar og feministar og etiske teoriar. Det er mykje å ta tak i.
Badeliv i Mexico: Det blir lite bading på meg, men kanskje meir i studieveka? Den blir kor som er ein kjærkomen pause. Eg må jobba (25 førelesingar att å førebu), men har også planar om å sova lenge om morgonen og bruka tid på å utforska byen. Dessutan er det nokre øyer og strender eg har lyst å besøka medan eg har sjansen. Åleine heime er eg òg, så eg kan gjera nett kva eg vil.
Meir om mat: Det går mykje i havregryn... Men dei få gongene eg er på restaurant prøver eg sjølvsagt mexicansk mat. Om eit par veker skal eg på tur til Merida - då kan eg rapportera om kva dei et i Yucatán. Så langt er favoritten min fylt chili, og eg blir lukkeleg kvar gong nokon gjer meg guacamole eller mole. Eg har også byrja å ha sterk salsa på alt (utanom på havregryn, det gjenstår å prøva). Elles er det vanleg å eta ulike variantar av tortillas med fyll. Om det berre er tortilla med ost (quesadillas) synst eg ikkje det er heilt det store. Eg er heller ikkje frelst av tamales, men det er kjekt å pakka dei ut av bananblada. Og flan er bra. Ikkje i nærleiken av B. sin heimelaga karamellpudding, så klart, men ganske godt likevel.
Skulle ynskja eg hadde studieveke! S og J har vore her heile veka og reiser i morgon, eg har daarleg samvit fordi eg ikkje har hatt tid til aa vera med dei meir enn om kveldane! Og neste veke reiser D og eg har nesten ikkje tid aa snakka med han desse dagane!
SvarSlettOK, slutt med syting. Eg likte kommentaren om karamellpuddingen, og gler meg til mole og salsa naar du kjem heim! Bruk litt tid til bading dei neste dagane!
Du må helsa S og J og D frå meg. Om du har tid :)
SvarSlettNo gler eg meg plutseleg til jul. Til karamellpudding, blåkveite, peparneter og ikkje minst kålrabistappa til D! Kvar for seg, vel å merka.