Hei! Eg har lite tid til å vera på internett, sidan eg er oppteken med å ha det så sabla fint, og dermed hadde det brått hopa seg opp med 300 bilete og minst like mange forteljingar som eg hadde tenkt å dela. Me får ta ein forenkla versjon: Eg og Tom reiste frå Cancun tysdag, overnatta på forretningshotell i Trinidad og flaug vidare med propellfly til Grenada på onsdagen.
Her kan de sjå kor tøffe me er på flyplassen i Trinidad:
Vel framme på Grenada viste det seg at me hadde tinga rom på verdas finaste gjestehus, drive av verdas finaste dame, Leenette. Dessutan hadde me hav og strand like utafor døra.
Her var det så kjekt at me blei ei ekstra natt. Fleire reisebrev frå Grenada følgjer snart! Nett no er me på Carriacou, men skal øyhoppa vidare til Union Island i morgon ettermiddag. Alt står bra til, me smiler og ler og kan nesten ikkje tru det er sant at me er her. Og ja, sanden er mjuk og sola er varm! Har ikkje spor av julestemning (sjølv om taxisjåføren vår, Uncle Polo, spelte julesongar så det ljoma då me reiste heim frå Paradise Beach i dag).
søndag 6. desember 2009
mandag 23. november 2009
Sjå kven eg har på besøk!
Elles kan eg fortelja at eg har vore matforgifta, og det var ikkje kjekt. Var det mor som sa at ho ville bli slått i hjel då ho hadde slik sjuke? Eg kunne gjerne tenkt meg i det minste å bli slått i svime i natt. Men no kjenner eg meg betre og prøver meg på kafebesøk med Tom, Brita og Anders. På onsdag er det ex.phil.-eksamen og på fredag skal studentane opp i ex.fac. Laurdag er avsluttingsfest, og så er eg ferdig med mitt første semester som førelesar! Hurra! Me reiser på hånnimuun om ei veke. Etter dette blir det berre oppdateringar om kjærleik og strand og sol, bank i bordet.
mandag 16. november 2009
Det blir lite tid til blågging når semesteret skal avrundast og heile pensum skal oppsummerast på ein enkel og klar måte. Men eg kan kjapt skriva siste nyhende: T. kjem i morgon kveld! Hurra! Reisefølgjet hans kjem derimot ikkje. Dei er sjuke og må utsetja reisa til fredag. Dermed blir det ikkje tur til Merida i denne omgangen, men me skal nok klara å finna på kjekke ting her i Quintana Roo òg. Strandliv i Tulum, til dømes. Eller jungeltur!
lørdag 7. november 2009
Denne helga er prega av tropisk storm. Nett no skal stormsenteret vera litt aust for Cozumel, som er like utafor Playa.
Ho gjer i grunnen ikkje så mykje av seg, ho Ida, men det regnar kattar og hundar. Og i dag tidleg tok eg på meg genser for første gong i Mexico. Ikkje at det var naudsynt - temperaturen ligg framleis på godt over 20 grader. På nyhenda seier dei at Ida kanskje kjem til å auka i styrke i løpet av dagen, til ho blir ein orkan. Me fer sjao.
Ho gjer i grunnen ikkje så mykje av seg, ho Ida, men det regnar kattar og hundar. Og i dag tidleg tok eg på meg genser for første gong i Mexico. Ikkje at det var naudsynt - temperaturen ligg framleis på godt over 20 grader. På nyhenda seier dei at Ida kanskje kjem til å auka i styrke i løpet av dagen, til ho blir ein orkan. Me fer sjao.
torsdag 5. november 2009
lørdag 31. oktober 2009
Då har me kome til dødens dag, som i god mexicansk stil blir feira i fire dagar. I går var eg i Xcaret med kollegaar og såg teater og høyrte opplesingar som eg ikkje skjønte. Dette var slett ikkje lagt opp for turistar, noko ein set pris på etter eit par månadar i Playa. Folk hadde måla fjesa sine som hovudskallar og ungane gjekk på verkstadar med namn som "dekorer di eiga grav". Eg såg fleire ungar med snasne pysj-liknande skjelettkostyme, men trass i ivrig leiting fann eg diverre ikkje ein å ta med heim til D. Bilete følgjer så snart eg gidd å lasta dei over. Elles inneber alltid feiringar her nede mat i overflod - me åt tamales og churros og kokosis og noko som liknar risgraut, berre i puddingform.
I dag skal det feirast halloween (som visstnok ikkje har noko med dødens dag eller Mexico å gjera). Det spring difor ein og annan smådjevel forbi kontorvindauget mitt. Eg rettar eksamenar og står over kalaset.
Her er forresten noko eg såg på TV ein kveld:
Klassisk barneunderhaldning her i strøket er tydelegvis blackface. Steike banana.
I dag skal det feirast halloween (som visstnok ikkje har noko med dødens dag eller Mexico å gjera). Det spring difor ein og annan smådjevel forbi kontorvindauget mitt. Eg rettar eksamenar og står over kalaset.
Her er forresten noko eg såg på TV ein kveld:
Klassisk barneunderhaldning her i strøket er tydelegvis blackface. Steike banana.
søndag 25. oktober 2009
Merida er hovudstaden i Yucatán og finare enn turistbyen Playa. Her skal eg og T. og B.&A. reisa om 4 veker! Eg gløymte heilt å ta bilete av byen, anna enn eit par av ein restaurant eg besøkte:
Eg sat på balkongen og åt chile rellenos. Om kvelden stenger dei hovudgata under balkongen og folk kjem for å sitja på utekafear eller dansa til levande musikk.
Dagen etter møtte eg ein katt som minna meg om kreket heime. Ein vesentleg forskjell var at denne hadde storleik som ein liten colaboks. Eg gav ho sjokoladeis og ønskte at eg kunne ta ho med i veska mi.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







