Då har me kome til dødens dag, som i god mexicansk stil blir feira i fire dagar. I går var eg i Xcaret med kollegaar og såg teater og høyrte opplesingar som eg ikkje skjønte. Dette var slett ikkje lagt opp for turistar, noko ein set pris på etter eit par månadar i Playa. Folk hadde måla fjesa sine som hovudskallar og ungane gjekk på verkstadar med namn som "dekorer di eiga grav". Eg såg fleire ungar med snasne pysj-liknande skjelettkostyme, men trass i ivrig leiting fann eg diverre ikkje ein å ta med heim til D. Bilete følgjer så snart eg gidd å lasta dei over. Elles inneber alltid feiringar her nede mat i overflod - me åt tamales og churros og kokosis og noko som liknar risgraut, berre i puddingform.
I dag skal det feirast halloween (som visstnok ikkje har noko med dødens dag eller Mexico å gjera). Det spring difor ein og annan smådjevel forbi kontorvindauget mitt. Eg rettar eksamenar og står over kalaset.
Her er forresten noko eg såg på TV ein kveld:
Klassisk barneunderhaldning her i strøket er tydelegvis blackface. Steike banana.
EG har rast rundt med ein japansk delegasjon. Dei hadde vore paa helsedepartermentet og blitt orientert om HIV/AIDS-situasjone i landet. Kort samanfatta: slikt fins ikkje her men om det fins er det fordi flyktningar tek med seg sjukdomen fraa heimlanda sidan.
SvarSlettIkkje fins det svineinfluensa her heller, men i hovudstaden raar det p.t panikk og ryktet seier at sjukehusa er fulle av folk med influensa og at mange doyr. Barnehagar er tomme, skulane halvfulle, menfolk faar raad om aa eta kvitlauk, appelsin og kaal for aa halda seg friske. Smoerja nasebora med vaselin er ogsaa bra!
glede meg til du er heima att! hugs å eta frukta di so lenge!
SvarSlettNo kan du kanskje tena som prov på at det finst svineinfluensa i Turkmenistan, Brita? Eg synest du skal bada i vodka og paracetamol og vaselin - alt som kan hjelpa må prøvast.
SvarSlettOg Ane mi, eg gleder meg også! Me må snikra glutenfrie peppermenn og feira våre overståtte oppgåver