mandag 28. september 2009

I føljetongen handklekreasjonar:

Eg må snart finna noko meir interessant å skriva om. Ønske?

Forresten er dette svært fjernt frå min kvardag.

onsdag 23. september 2009

Eit teikn på at eg må vera (eksil-)bergensar: I dag tidleg hølja regnet ned over Playa og eg reagerte med glede. Har med paraply på jobb! Sjefen ristar på hovudet. Elles kan eg fortelja at eg blei vekt fleire gonger i natt fordi toreveret fekk soverommet mitt til å rista.

torsdag 17. september 2009

Handklekreasjonane når nye høgder:




Hushjelp Manuela har til og med tatt seg bryet med å teikna papirauger og -nase. Eg har ikkje hjarte til å tørka meg på den nye hunden, så han har blitt sitjande til pynt på skrivebordet.

Elles har me hatt frigjeringsfeiring denne veka. Skulen arrangerte middag på tysdagen og studentane møtte i det dei meinte var passande habittar. Her er det minst identitetsavslørande biletet eg har av dei: 


Mykje flagg og sombrero, altså. Korleis hadde nordmenn reagert på ein gjeng med animerte mexicanarar sveipte i norske flagg på 17. mai, tru? Dei fleste me møtte her let i alle fall til å setja pris på engasjementet.

Etter middag gjekk me på rådhusplassen og høyrte el Grito. 

 

Den grøne pålen leier opp til eit enormt flagg. 

 

Det var også fyrverkeri og halabaloi, men eg hadde arbeid å gjera og gjekk difor heim utan å få med meg hovudfeiringa. Studentane mine feira derimot så mykje dei berre kunne. Trur dei sleit litt med samfunnsvitskaplege forklaringstypar klokka åtte dagen etter.

Til sist eit bilete av dei fine døtrene til kollegaane mine. Emily i rosa og Azul i kvitt. 

 

Eg fekk låna falske fletter med mexicanske sløyfer i av dei. Det gjorde stor lukke.

lørdag 12. september 2009

Denne veka har både kontoret og resten av byen vore pynta med dill og dall i raudt, grønt og kvitt. Mykje glitter og digre piñataar. Me skal nemleg feira frigjering natt til onsdag, og den er visst ei endå større greie enn 17. mai er heime. Planen er å gå på rådhusplassen og høyra ordføraren repetera ein tale frå den mexicanske frigjeringskrigen (El Grito de Dolores). Dessutan blir det klokkespel og fyrverkeri.

Utanom frigjering går det i jobb og jobb. Eg har rosenraude draumar om avslappande stipendiatarbeid til våren. Skal leva lukkeleg i denne trua fram til januar :)

torsdag 10. september 2009

Dagens middag var fisk med mole og banan. Åh, mole!

onsdag 9. september 2009

Nett no driv visst nokon og kaprar fly i nabolaget. Eg sit på kontoret mitt og et banan, om de lurte.

Oppdatering: Godt å sjå at det ikkje berre er Mexico som har flyplassgalningar.

mandag 7. september 2009

Den mest tafatte av MayaMostraspelarane:Han stod for det meste slik og bles forsiktig i eit skjell. Innimellom stoppa musikken før han fekk det med seg, og då høyrte me eit lite fluuuuu.