torsdag 17. september 2009

Handklekreasjonane når nye høgder:




Hushjelp Manuela har til og med tatt seg bryet med å teikna papirauger og -nase. Eg har ikkje hjarte til å tørka meg på den nye hunden, så han har blitt sitjande til pynt på skrivebordet.

Elles har me hatt frigjeringsfeiring denne veka. Skulen arrangerte middag på tysdagen og studentane møtte i det dei meinte var passande habittar. Her er det minst identitetsavslørande biletet eg har av dei: 


Mykje flagg og sombrero, altså. Korleis hadde nordmenn reagert på ein gjeng med animerte mexicanarar sveipte i norske flagg på 17. mai, tru? Dei fleste me møtte her let i alle fall til å setja pris på engasjementet.

Etter middag gjekk me på rådhusplassen og høyrte el Grito. 

 

Den grøne pålen leier opp til eit enormt flagg. 

 

Det var også fyrverkeri og halabaloi, men eg hadde arbeid å gjera og gjekk difor heim utan å få med meg hovudfeiringa. Studentane mine feira derimot så mykje dei berre kunne. Trur dei sleit litt med samfunnsvitskaplege forklaringstypar klokka åtte dagen etter.

Til sist eit bilete av dei fine døtrene til kollegaane mine. Emily i rosa og Azul i kvitt. 

 

Eg fekk låna falske fletter med mexicanske sløyfer i av dei. Det gjorde stor lukke.

10 kommentarer:

  1. Veit nokon kvifor eg ikkje får lov til å ha med blanke linjer i innlegga mine? Hm.

    SvarSlett
  2. Høres rart ut at det ikke går, kanskje du må gjøre noe i kildekoden? Skulle gjerne skrevet noe om hva det eventuelt kan være men jeg har visst glemt det lille jeg lærte for noen år siden.

    Uansett, blanke linjer eller ei - det er en fryd å lese bloggen din!

    SvarSlett
  3. Bra! Vil gjerne høyra kva som skjer i Oslo òg :)

    No har eg skrive kodar og fått blanke linjer. Hurra!

    SvarSlett
  4. Kan me faa eit bilete av deg med fletter og mexicanske sloyfer? Elles tykkjer eg hunden er fantastisk, han er nesten like soet som katten! Men berre nesten...

    SvarSlett
  5. Hunden er super. Eg vil også ha ein hund.

    SvarSlett
  6. Er det forresten her ein tingar korrekturlesarinde til hovudoppgåve?

    SvarSlett
  7. Det finst diverre ikkje bilete av meg med falske fletter, men dersom eg finn flætts på butikken skal eg kjøpa med heim. Eg hadde nesten gløymt katten! No saknar eg ho litt.

    Og korrektur kan sjølvsagt tingast her. Når skal det vera klart?

    SvarSlett
  8. Hei på deg, snasen hund det der. Men du, no må du ikkje leggja inn meir akvariegreier og anna som går rundt. Sytrådnettet i Turkmenistan byrjar få problem med fiskane dine, eller kanskje det er il Presidente som ikkje vil ha slikt? Brita trur det er omvendt, at han legg labben på dei undervegs og ikkje slepper verken dei eller bloggen vidare før han er lei.
    Dagfinn

    SvarSlett
  9. Eg syns fiskane er fine. Eg kan sjå at presidentar (og andre) ikkje får nok av slikt. Vedrørande korrektur: me snakkar om 1.-20. november ein gong. Det eit do-able tidspunkt for deg? Viss ikkje har dei sett dårleg språk ved UiB før:)

    SvarSlett
  10. No er fiskane borte - sorry Gurbi. Eg håper inderleg han les bloggen min :)

    I veke 42 er det eksamensveke og dårleg med tid, men i veke 41 har eg fri!

    SvarSlett