fredag 28. januar 2011

Kanskje eg skal reaktivera bloggen for våren i New York? Ja! Får sjå om ikkje blogg-namnet må endrast til Primavera.

torsdag 17. desember 2009

Avreise Carriacou: Her ventar me på at postbåten skal gå (i ruta stod det 12.30, men me kom oss ikkje avgarde før 14.30. Pytt pytt.)

Me fekk bruka baren til Cuthbert Snagg som venterom.

Postbåt til Union Island:

Er Tom sjøsjuk, tru?

Union Island har eg berre eitt bilete av. Det er fordi opphaldet vårt på Union var kjapt og gale - og noko av det meir absurde me opplevde på heile turen. Me kom i land til ein aude landsby og blei møtte av ein mann som snakka om Kursk. Etter ei tid med forvirra samtale hanka postbåtkapteinen vår oss med i ein lastebil (med to amerikanske damer på lasteplanet) og følgde oss frå kontor til kontor på øya slik at me kunne få stempel og visa. Me forstod ingenting. Men til sist blei me sette av på flyplassen og då var me nøgde.

Flyet vårt var litt større enn dette. Tom gav toll-offiseren ein rull med gaffateip i gåve. Den gjorde stor lukke.

Frå Kingstown på St. Vincent manglar det også bilete. Byen er visst så farleg at ein ikkje bør visa fram kamera når ein går på gata. Men eg veit no ikkje eg - det var ingen som plaga oss då me var der. Me sette av ein dag til å reisa med ferje til Bequia. Bequia Express hadde noko kjent over seg:

Tom i salongen:

Marita under "Mannen fra havet":

Amerikanske damesokkar:

Bequia var superfin. Me møtte rastamannen Papa Stone, takka pent nei til produkt frå lokalt jordbruk og helste på geiter:

Local juice and ital rotis i bakgarden bak bokhandelen:

Naturleg AC i taxiane på Bequia:

Tilbake til Kingstown med MS Rennesøy:

Neste stopp: Kingston, Jamaica! Dei fleste me snakka med på turen råda oss til å unngå Kingston, men me hoppa i det. Viktigaste grunnen var Bob Marley-museet (der kamera ikkje var tillate, difor berre eitt bilete):

Køyretur i downtown Kingston. Eg trur Tom er engsteleg:
Me feirer med iskrem at me overlevde downtown:

Sjåfør Ryon og Tom utafor Devon house:

Sentrale innkjøp:


Etter Kingston tok me turen til Havana. Meir om Cuba seinare, men me kan røpa at me no er blitt varme Havana-fans. I dag er det torsdag og me har kome "heim" til Playa del Carmen. Eg kjenner at det kriblar i heile kroppen etter å koma heim på skikkeleg, til Bergen og vener og familie. Flyet vårt går frå Cancun i morgon kveld og me er framme i Bergen laurdag ettermiddag.

lørdag 12. desember 2009

Fleire bilete frå Grenada! Her startar Tom sitt store rum punch-prosjekt. Han prøver rum punch på kvar nye stad me kjem til. Og han har lært seg ei oppskrift som han puggar: One sour, two sweet, three strong, four weak.


Frukost på krydderøya:

Vår gode ven Scruff, som her et restane av Tom sin frukost:

Frå St. George's, der me blei bondefanga av Paul. Me betalte han tre dagars løn for omvising i byen. Men omvisinga var fin så det gjorde ingenting.



Me tok oss sjølvsagt tid til å pumpa litt jern. Her er me på fortet i byen, der Maurice Bishop blei henretta i 1983.

Jenter på veg til den katolske skulen sin:

Tom kjøper dancehall:

Paul (til høgre), Tom og musikksjappemannen tøffar seg:

Ein ferjetur seinare - Carriacou. Hotellet vårt hadde nesten like god standard som dette huset:
 


Hillsborough er ein fin liten by. På laurdagskvelden gjekk me på bingo!

Mauby smakar hostesaft og er laga av bark:

Nok ein rum punch:

Uncle Polo køyrte oss til Paradise Beach og me hadde ein fantastisk ettermiddag på Paradise Beach:
Sidan eg er så treig på å oppdatera bloggen har me allereie besøkt to nye land etter Grenada (St. Vincent og Grenadinene og Antigua og Barbuda) og oppheld oss i eit tredje (Jamaica). Meir info seinare. Men alt står bra til! Kingston er ikkje nett for pyser, men me passar på oss sjølve. I morgon tidleg reiser me til Havana, og eg gleder meg!