torsdag 3. september 2009

Torsdag, og arbeidsveka er over. I dag har eg sett strek for førsokratikarane, Sokrates og Platon, og ser no framover mot Aristoteles. Har vore småsjuk denne veka, men no er alt på kjøl att. I morgon skal eg ut i jungelen! Eg skal bada i noko som heiter cenote og slenga meg over gjel via ein løypestreng. Prøver på å leggja ut bilete når eg kjem heim att i morgon kveld.

Elles hadde me uvær tysdag kveld, men det varte berre i ein time. Det var lyn og tore som eg aldri har opplevd før og det regna så mykje at somme av gatene blei ståande i 30 cm vatn. Onsdag morgon var alt som normalt.


7 kommentarer:

  1. Vonar du er frisk att og kan kosa deg med Aristoteles naar du er heime etter jungellivet. Gler meg til bilete! Me er heime etter ei veke i Istanbul, det er varmt her! I morgon skal eg moeta Hugo Chavez som kjem paa vitjing til Gurbi. Kanskje middag med han om kvelden? Livet i Ashgabat er innimellom noko surrealistisk....

    SvarSlett
  2. Min første kommentar på Maritas blogg var til Brita :-)
    Kjekt å lese i alle fall. Alt vel i Bergen, og no har vi også oppdatert DB på FB. (kryptiske familieinterne meldingar her)

    SvarSlett
  3. Hugo Chavez! Kool. Du må fortelja korleis han var. Eg er, i Jorunnsk vokabular, friks som ein fiks :) Me hadde ein kort svineinfluensaalarm i forigårs, men det viste seg heldigvis at studenten det var snakk om hadde ein heilt vanleg influensa. Helsa pappen! Og takk for FB/DB-oppdatering, Nebbis :)

    SvarSlett
  4. Ja! Eg møtte Hugo Chavez i dag tidleg og no er eg fan! (Det var ei president-mottaking, me vert alltid lina opp som diplomatisk pynt når det kjem statsbesøk.) Han var veldig karismatisk, prata med alle og fekk presidenten 'vår' til å skratta høgt. Han spurde kvar eg kom frå og sa at han hadde vore i Norge for nokre år sidan ('for a summit') og at han likte seg godt. 'I have only good menories from Norway' Kjekt å høyra sa eg og så gjekk han vidare.

    SvarSlett
  5. Han er jammen meg kjapp i vendinga, han der Hugo. Først møter han Brita, så tar han ein tur på den raude løparen i Venezia med Oliver Stone. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/europe/italy/6152572/Hugo-Chavez-and-Oliver-Stone-walk-red-carpet-at-Venice-Film-Festival.html

    SvarSlett
  6. Jøye meg, dei sa han skulle til Belarus etter Turkmenistan og ikkje hadde tid til å vera her til neste dag. Men eg forstår jo godt at han heller ville til Venezia enn å vera i kjedelege Ashgabat.

    SvarSlett