Hei! Eg har lite tid til å vera på internett, sidan eg er oppteken med å ha det så sabla fint, og dermed hadde det brått hopa seg opp med 300 bilete og minst like mange forteljingar som eg hadde tenkt å dela. Me får ta ein forenkla versjon: Eg og Tom reiste frå Cancun tysdag, overnatta på forretningshotell i Trinidad og flaug vidare med propellfly til Grenada på onsdagen.
Her kan de sjå kor tøffe me er på flyplassen i Trinidad:
Vel framme på Grenada viste det seg at me hadde tinga rom på verdas finaste gjestehus, drive av verdas finaste dame, Leenette. Dessutan hadde me hav og strand like utafor døra.
Her var det så kjekt at me blei ei ekstra natt. Fleire reisebrev frå Grenada følgjer snart! Nett no er me på Carriacou, men skal øyhoppa vidare til Union Island i morgon ettermiddag. Alt står bra til, me smiler og ler og kan nesten ikkje tru det er sant at me er her. Og ja, sanden er mjuk og sola er varm! Har ikkje spor av julestemning (sjølv om taxisjåføren vår, Uncle Polo, spelte julesongar så det ljoma då me reiste heim frå Paradise Beach i dag).







Å! Det ser fint ut! Bra dere koser dere. Vi kom oss vel hjem, og nå er det regn, vind og jobb igjen. Jaja. Nyt solen og ferien alt dere kan!
SvarSlettOj, dette saaag bra ut!Eg likte spesielt biletet av Tom utanfor porten til Leenette. Den stranda saag himmelsk ut.
SvarSlettSkal helsa frå D.
SvarSlett- Tante Marita ete banan, seier han i ein kommentar og legg til:
- Onke Tom eple.
Det er godt å høyra at D. følgjer med på bloggen min. For mitt framleis ikkje lesedyktige (eller?) publikum har eg no posta eit nytt, biletrikt innlegg.
SvarSlett