Bilete frå jungelen blei det lite av - me skulle ro i kano og fekk beskjed om at me når som helst kunne kantra så kameraet blei liggjande i bussen. Men her er bileta frå timane før jungel. Først ein tørr cenote - eller som svensk Wikipedia kallar det, eit slukhål - der me såg eit slags Mostraspel (berre i mykje mindre skala og utan all kristninga) om Maya-historie. Holet sett innanfrå:

To lokalbebuarar som spelte skodespel og tromma for oss. Han tjukkaste har laga seg jaguarhatt av papp.

Studentar på veg opp frå holet, og ein jentefut-guide i kvitt (han nevla på alle dei fine jentene og ignorerte resten):
Me møtte elles ein tam apekatt som jentene ville kosa med, sjølv om dei hadde fått beskjed om ikkje å ta på dyra. Etter at apekatten hadde nevla på jentene (ikkje ulikt guiden) klødde han seg lenge og vel i rompa, før han gjekk over til å dra seg i tissen. Ulikt guiden, heldigvis.

Til sist to bilete frå ein Maya-pyramide i Coba. Eg var ei skikkeleg pingle og klarte berre å gå halvveges opp før eg svimla og måtte snu. Mayaane bygde alt for bratt..
Etterpå reiste me inn i jungelen for å prøva ziplining. Eg hadde ikkje heilt trua på at me skulle inn i verkeleg jungel, men det stemte likevel med kva ein trur at jungel er. Det var varmt og fuktig og tett i tett med tre, og apekattar hang og slang i greinene. (Nokon som veit kva spider-monkey heiter på norsk? Det finst også brølapar her, men dei har eg ikkje sett, berre høyrt.) Etter ein liten gåtur blei eg hekta opp på ein løypestreng og sendt ut i lause lufta. Det var kjempekjekt, men varte berre i 20 sek.
Me bada også i ein cenote, altså eit slukhål fyllt med vatn. Det er ferskvatn frå underjordiske elvar i cenotene, og det er krystallklart og kjølig og vakkert. Studentane stupte frå langt oppe i sidene på holet og hadde det kjekt. Heilt til ein av gutane traff vatnflata heilt feil og endte opp med eit auge som såg ut som to tjukke pølser av blod. Spaning i kvardagen.
I går var eg på nattklubb med studentane. Det frista ikkje til gjentaking. Kva anna? Jo! Eg har blitt opptatt av mayaspråket, eller -språka sidan det finst mange variantar. Kan vidareformidla når eg har lest meg opp. Så langt har eg funne ut at det framleis finst mange som berre snakkar mayaspråk og ikkje spansk, men at urbanisering fører til at stadig færre held språka ved like. Språka er også hefta med negative assosiasjonar, særskilt til fattigdom og mangel på utdanning. Eg er ikkje sikker, men det verkar som om staten gjer lite for å oppretthalda språka og at det difor er avhengig av lokale krefter om det blir tilrettelagt for undervising og slikt noko. Meir seinare - eg er på saka :)