torsdag 24. februar 2011

Swix-hua opplever Times Square. 
Swix-hua tar subway.

mandag 21. februar 2011

I dag gav førelesaren min meg ein CD-rom som heitte The Unconscious og bad meg lagra innhaldet på Macen. Fleire års arbeid med å få tak på det ubevisste, og så var dét alt som skulle til. Amerika, altså.

søndag 20. februar 2011

Eg reiser til New Jersey kvar måndag og tysdag for å gå på førelesingar. Det tar meg litt meir enn to timar å koma fram (med undergrunn, ekspressbuss og campusbuss). Som oftast går det litt raskare å koma seg heim, men om eg reiser i rushet kan det vera eg må stå ein ekstra time fast i Lincoln Tunnell. Det hadde sjølvsagt vore enklare å bu i New Brunswick, der universitetet ligg, men me hadde nok ikkje hatt det like kjekt der som me har det i New York.

Nokre bilete frå bussturen:






Stort sett berre industriområde og motorveg å sjå.

lørdag 19. februar 2011

Ah, lovely fish oil salad.


onsdag 16. februar 2011

Endeleg litt blogging. No har me vore her i snart to veker, og kan slå fast at det er heilt OK å bu i New York. Leilegheita vår er rett nok kjip, men Williamsburg, som me bur i, er fint og det er kort veg til alt (bortsett frå skulen min, meir om dette seinare). 1. mars flyttar me herifrå og til Manhattan, nærare bestemt East Village. Me skal leiga leilegheita til Amber som er forlagsredaktør og visstnok personleg ven av Bret Easton Ellis. Og me får mogelegvis katten Kuku som roomie, viss Kuku ikkje vil flytta med Amber til Brooklyn. 

Elles har me gått og gått og gått, og tatt litt undergrunnsbane. Me har vore på brunsj og drukke mimosa, slik ein visstnok gjer kvar helg dersom ein bur i denne byen, og ete oss gode og feite på amerikansk mat. Tommel opp for pannekaker med sirup til frukost. Utanom etinga trener Tom brasiliansk jiu-jitsu på Manhattan og eg pendlar mellom heime og universitetet i New Jersey.

Her er eit kveldsbilete av gata me bur i:
Lysa som ser ut som jolelys er Williamsburgbrua, som me bur like ved. Det er lettare å sjå ho her:
Litt som Puddiken? I så fall bur me på Gyldenpris, og Gyldenpris er blitt eit hipsterstrøk. Sør for brua bur hasidiske jødar, og nord for brua bur folk med korte anti-mainstreambukser og Vaular-sveis.

fredag 4. februar 2011

Her er nokre bilete frå første dag i NYC. Me gjekk over brua frå Lower East Side til Williamsburg og flytta inn i ny leilegheit. Det er kaldt ute, men himmelen er blå og sola skin. 




I dag skal Tom eit ærend sør i Brooklyn og eg skal følgja med for å sjå meg rundt. Første førelesing på måndag. 

fredag 28. januar 2011

Kanskje eg skal reaktivera bloggen for våren i New York? Ja! Får sjå om ikkje blogg-namnet må endrast til Primavera.