Endeleg litt blogging. No har me vore her i snart to veker, og kan slå fast at det er heilt OK å bu i New York. Leilegheita vår er rett nok kjip, men Williamsburg, som me bur i, er fint og det er kort veg til alt (bortsett frå skulen min, meir om dette seinare). 1. mars flyttar me herifrå og til Manhattan, nærare bestemt East Village. Me skal leiga leilegheita til Amber som er forlagsredaktør og visstnok personleg ven av Bret Easton Ellis. Og me får mogelegvis katten Kuku som roomie, viss Kuku ikkje vil flytta med Amber til Brooklyn.
Elles har me gått og gått og gått, og tatt litt undergrunnsbane. Me har vore på brunsj og drukke mimosa, slik ein visstnok gjer kvar helg dersom ein bur i denne byen, og ete oss gode og feite på amerikansk mat. Tommel opp for pannekaker med sirup til frukost. Utanom etinga trener Tom brasiliansk jiu-jitsu på Manhattan og eg pendlar mellom heime og universitetet i New Jersey.
Her er eit kveldsbilete av gata me bur i:
Lysa som ser ut som jolelys er Williamsburgbrua, som me bur like ved. Det er lettare å sjå ho her:Litt som Puddiken? I så fall bur me på Gyldenpris, og Gyldenpris er blitt eit hipsterstrøk. Sør for brua bur hasidiske jødar, og nord for brua bur folk med korte anti-mainstreambukser og Vaular-sveis.
Så kjekt å se koss de har det!
SvarSlettVil se masse bilder!
Og viss du dette øve noe billig, sær hardcore sci-fi i ein eller an obskur bokhandel (som eg rekne med du går i), så kjøp! Eg overføre pengar!
Klemmar!
Sit i Geneve og let to kumpanar i Norge sjekka hotell og billettar til den store reisa i april. Konsul Joe i Ashgabat har lova meg visum. Og saa eg som aldri hadde tenkt meg til USA i det heile...
SvarSlett