Eg reiser til New Jersey kvar måndag og tysdag for å gå på førelesingar. Det tar meg litt meir enn to timar å koma fram (med undergrunn, ekspressbuss og campusbuss). Som oftast går det litt raskare å koma seg heim, men om eg reiser i rushet kan det vera eg må stå ein ekstra time fast i Lincoln Tunnell. Det hadde sjølvsagt vore enklare å bu i New Brunswick, der universitetet ligg, men me hadde nok ikkje hatt det like kjekt der som me har det i New York.
Nokre bilete frå bussturen:
Stort sett berre industriområde og motorveg å sjå.
Ingen diskusjon om monstermaster der altså...
SvarSlett