mandag 31. august 2009

Endeleg tilbake på nett! Og eg har fått nye vener:

Dette er ei mykje større skilpadde enn det ser ut til. Kanskje halvannan meter lang?

Ho her hadde så fine briller.

Desse var av varianten lita skilpadde. Den siste er ein rævedilter.


Hola! Min favoritt.

Også min favoritt. I love tapir!

Han her var ikkje på utstilling - han er ein ekte lokalbebuar.

Likeins med denne. Ho er ikkje så tøff i trynet som ho latar som.

Livstrøtte, skabbete papegøyar, men fine likevel.

Det blei ikkje tid til delfinar. I staden symde eg i ein underjordisk kanal og helste på ei sjøku. Eg har også bilete av ein puma og ein svart jaguar, men dei gøymde seg så godt at det er vanskeleg å få auge på dei i bileta.

I går var eg i turistmaskina Cancun saman med sjefen. Han er reiselivsmann og svært opptatt av å visa meg store hotell, men eg synest berre dei er stygge. Eg såg også, for første gong, ein Hooters-restaurant med lettkledde, storbrysta dame-servitørar. Tøys og fjas.

No er det arbeidsveke att og eg riv og slit i Platon for å få han til å gjera noko av seg.

5 kommentarer:

  1. I min tid var det bøfler, elanantiloper og neshorn i Cancún. Eldgamle innfødte husket den tid da det hadde vært elefanter. Her gror det kaktus. Her holder sjiraffene og neshornene til.

    Hvor mange koner og konkubiner på hver, hvor mange av pasjaens utstoppede dyr skal bæres gjennom bushen til Tulum?

    Det var som om selve det afrikanske ekko her var sprunget ut av skogen og rett inn i dansen.

    Her gror det kaktus.

    Her holder sjiraffene og neshornene til.

    SvarSlett
  2. Fine vener, eg likte spesielt den med brillene. I Istanbul er det kjekt, spesielt no når eg er ferdig med møta mine og kan kasta meg inn i ferieeventyret for ein og ein halv dag. Me reiser tilbake til Turkmenistan laurdag kveld. Ksn går det med dei faglege utfordringane?

    SvarSlett
  3. Eg trur at fotografering av Hooters hadde gjort meg til ein pervo :)

    SvarSlett