lørdag 12. september 2009

Denne veka har både kontoret og resten av byen vore pynta med dill og dall i raudt, grønt og kvitt. Mykje glitter og digre piñataar. Me skal nemleg feira frigjering natt til onsdag, og den er visst ei endå større greie enn 17. mai er heime. Planen er å gå på rådhusplassen og høyra ordføraren repetera ein tale frå den mexicanske frigjeringskrigen (El Grito de Dolores). Dessutan blir det klokkespel og fyrverkeri.

Utanom frigjering går det i jobb og jobb. Eg har rosenraude draumar om avslappande stipendiatarbeid til våren. Skal leva lukkeleg i denne trua fram til januar :)

2 kommentarer:

  1. Kor langt er du komen i filosof-rekkja no? eg er komen til Russland i presidentrekkja mi, men det er nok noko enklare enn forelesningane dine! Akkurat no redigerer eg kriseplan for evt.flyktningstraum fraa nabolanda og lurer paa kor mange me maa planleggja for, av typen: Tenk paa eit tal.... 10.000, 20.000 eller kanskje 100.000?

    SvarSlett
  2. Er det sannsynleg at det kjem ein flyktningestraum i nær framtid, eller planlegg de berre for for å ha ein plan? Er det elles mykje som skjer i T. for tida?

    Eg har kome til Descartes, så no tviler me på alt som går an å tvilast på.

    SvarSlett