Torsdag, og arbeidsveka er over. I dag har eg sett strek for førsokratikarane, Sokrates og Platon, og ser no framover mot Aristoteles. Har vore småsjuk denne veka, men no er alt på kjøl att. I morgon skal eg ut i jungelen! Eg skal bada i noko som heiter cenote og slenga meg over gjel via ein løypestreng. Prøver på å leggja ut bilete når eg kjem heim att i morgon kveld.
Elles hadde me uvær tysdag kveld, men det varte berre i ein time. Det var lyn og tore som eg aldri har opplevd før og det regna så mykje at somme av gatene blei ståande i 30 cm vatn. Onsdag morgon var alt som normalt.
Vonar du er frisk att og kan kosa deg med Aristoteles naar du er heime etter jungellivet. Gler meg til bilete! Me er heime etter ei veke i Istanbul, det er varmt her! I morgon skal eg moeta Hugo Chavez som kjem paa vitjing til Gurbi. Kanskje middag med han om kvelden? Livet i Ashgabat er innimellom noko surrealistisk....
SvarSlettHæ!? Skal du møte Hugo Chavez?
SvarSlettMin første kommentar på Maritas blogg var til Brita :-)
SvarSlettKjekt å lese i alle fall. Alt vel i Bergen, og no har vi også oppdatert DB på FB. (kryptiske familieinterne meldingar her)
Hugo Chavez! Kool. Du må fortelja korleis han var. Eg er, i Jorunnsk vokabular, friks som ein fiks :) Me hadde ein kort svineinfluensaalarm i forigårs, men det viste seg heldigvis at studenten det var snakk om hadde ein heilt vanleg influensa. Helsa pappen! Og takk for FB/DB-oppdatering, Nebbis :)
SvarSlettJa! Eg møtte Hugo Chavez i dag tidleg og no er eg fan! (Det var ei president-mottaking, me vert alltid lina opp som diplomatisk pynt når det kjem statsbesøk.) Han var veldig karismatisk, prata med alle og fekk presidenten 'vår' til å skratta høgt. Han spurde kvar eg kom frå og sa at han hadde vore i Norge for nokre år sidan ('for a summit') og at han likte seg godt. 'I have only good menories from Norway' Kjekt å høyra sa eg og så gjekk han vidare.
SvarSlettHan er jammen meg kjapp i vendinga, han der Hugo. Først møter han Brita, så tar han ein tur på den raude løparen i Venezia med Oliver Stone. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/europe/italy/6152572/Hugo-Chavez-and-Oliver-Stone-walk-red-carpet-at-Venice-Film-Festival.html
SvarSlettJøye meg, dei sa han skulle til Belarus etter Turkmenistan og ikkje hadde tid til å vera her til neste dag. Men eg forstår jo godt at han heller ville til Venezia enn å vera i kjedelege Ashgabat.
SvarSlett