Nei, no flyttar me. Leilegheita vår er kald og skiten, den luktar gass og røykt kjøt, senga vår er skeiv og restauranten i første etasje speler høg musikk kvar natt. I gata utafor slåst folk, eller skrik at dei gjerne vil slåst. So long, Williamsburg.
Dei neste tre nettene skal me bu på hotell på Times Square. Reint sengetøy, morgonkåper, TV, frukostbuffet - det skal bli så bra! Og onsdag flyttar me til supre East Village.
Av alt det der tippe eg at lukta av røykt kjøt var verst for deg, eller? ;)
SvarSlettKosa dåkke på hotell og med flytting :)
PS: syns at bekreftelseskodane her e ganske festlige: hyxfoxya og allybally! Hehe :D
Han derre thugen nederst i gata der ser ikkje mykje god ut...
SvarSlettJa, det ser ut som ei lean, mean Swix-maskin.
SvarSlettNei, du Elin Pelin, heller røykt kjøt enn gass!
Naar me faa sjaa bilete fraa den nye? Og nabolaget?
SvarSlettEg er no den lukkelege innehavar av eit gammalt pass med nytt fint visum for Amerika, som varer i 10 aar. Passet varer ikkje saa lenge men pytt pytt.
Uff ta!! Korleis går det på East Village, nå?
SvarSlettJa, no går det mykje betre! I am spending Saint Patrick's Day at a café on E 9th st with Anel and Tom, working and listening to Irish music. Håper du har det bra, N.! Gleder meg til lunsj når eg kjem heim :)
SvarSlett